Endre Olsen

Endre Olsen

Endre Olsen

Booking

Åpen for forespørsler.

Nyhetsbrev

Då stordabu Endre Olsen gav ut si første plate på norsk "Bøttevis med blått", kalla Bergens Tidende den for ein komande klassikar og trilla terningen til seks. Dagbladet meinte han kunne "minne om Tønes men med større musikalsk spennvidde" og Klassekampen kalla det eit album for den som "setter pris på langt over gjennomsnittet gode sangtekster på norsk".

I eit uttrykk som varierer frå det heilt akustiske, innom det Neil Young-rocka og rufsete, til det storslåtte og synth-kledde, framfører Olsen og Ragnhild Kambo Grov sine dialektklingande tekstar i ein harmonisignatur som dei har sunge fram i ein halv mannsalder.

«Baklengs tebake» frå 2021 har fått BT til å konstatera at «han er fremdeles den neste store vestlandstrubaduren» og musikkbloggen Dust of daylight til å konkludera med at han «har overgått seg selv, og klart å lage en enda bedre plate enn forrige gang».

For tekstane på begge sine norskspråklege (ja, for han har tidlegare gitt ut albuma Endre Olsen & The Landmarks og Angry wasp – Winnetou på engelsk) vart han hausten 2021 tildelt det gjeve Olav H. Hauge-stipendet. I grunngjevinga vart det mellom anna sagt at "Endre Olsen syng så vi skjønar at noko står på spel. Han syng om gleda i livet. Og om melankolien i livet. Om ting som gjekk gale og vegen vidare. Om ting vi kan kjenne oss heime i uavhengig av alder, kjøn, kvar ein bur eller sosial status. Han ser utover seg sjølv og syner oss ein større himmel."

På konsert møter du Endre Olsen som regel saman med songpartnar og nabo Ragnhild Kambo Grov, og like gjerne kun akkompagnert av sitt eige originale og drivande gitarspel, som av eit svett band befolka av velrennomerte namn frå Bergen sin musikarstall.

Booking

Roger Urhaug

Roger Urhaug

916 67 587
[email protected]